Dagmar var skikkeleg ufin med taket på Refsdal kraftstasjon natt til andre juledag 2011. 5 - 6 store grantre datt ned på taket. Det ser ikkje ut til at skadene er så veldig store. I alle fall er vi forsikra. Trea vert ikkje løfta av før til våren når vi har skikkeleg tilkomst med kran. Sjå bilder.

Delprosjekt 1 ferdig

Første delprosjekt omfatta restaurering av tak, murvegger, dør og vindaugo og innvendig tregolv. Dette arbeidet vart avslutta i august 2011. Staks etter vart delprosjekt 2 som omfatta innvendig restaurering starta opp. Sjå diverse foto frå ferdig delprosjekt 1 under.