Refsdal Kraftstasjon frå 1913

\"Inngangsparti
Plan for restaurering av stasjonen
som kulturminne.

Innhald:

1. Innleiing. Kort skildring av stasjonen si historie, tekniske data og tilstanden i dag.

2. Plan for restaureringsarbeidet, oppdeling i delprosjekt.

3. Organisering av arbeidet.

4. Kostnadsoverslag

5. Finansiering

6. Tankar omkring drift og bruk av anlegget


Vedlegg:

• Detaljert kostnadsoverslag for delprosjekt 1 ”Eit tak for Refsdal Kraftstasjon”

• Forslag til vedtekter for ”Vik Kraftlag 2013”

1.   Innleiing. Kort skildring av stasjonen si historie, tekniske data og tilstanden i dag.

Refsdal kraftstasjon i Vik vart teken i bruk i 1913 og var i drift til 1957 då Sognekraft sin nye stasjon vart teken i bruk.  Stasjonen representerer eit  tidleg kraftanlegg i Bygdenoreg.
Den hadde ein installert effekt på 184 KW og utnytta eit fall på 52 meter i Refsdalsfossen.
Stasjonsbygningen frå 1913 er tidstypisk og består av 1 ½ steins teglmur på hoggen steinmur.
Den har eit yttermål på ca. 8 x 13 meter med 4.4 m. høge vegger. Den har valma tak med skifer. Bygningen er nå i sterkt forfall.  Deler av røyrgata er intakt. Det same gjeld inntaksdammen. Om lag alle maskininstallasjonen er på plass i bygningen. Sognekraft AS overtak bygningen frå L/L Vik kraftlag ved skøyte datert 4.11.1975.
Stasjonsbygningen med tilhøyrande tomt på ca. 1000 m2 har gardsnt 21, bruk nr. 5 i Vik kommune. Den attverande delen av røyrgata og inntaksdammen ligg på g.nr. 21 b.nr. 2 som tilhøyrer Arvid Refsdal. Den delen av røyrgata som er borte er fjerna på grunn av nydyrking like nedafor inntaksdammen.  Vatnet vart leia fram til inntaksdammen gjennom ein open kanal.  Denne er også fjerna, delvis på grunn av nydyrking og delvis ved bygging av ny demning i samband med dei nye kraftverka i området.
Vatnet frå turbinen hadde utløp gjennom to portar i grunnmuren av hoggen stein.
Portalane er også murde i hoggen stein og er avslutta i topp av to vakre bogar. Desse er i dag ikkje synlege fordi utløpskanalen frå stasjonen er fylt opp heilt fram til muren.
Sjå foto frå 1913 nedafor.

\"1913\"

Tomta og området i kring er i dag tilvakse med krattskog, og bygningen er difor lite synleg sjølv frå kort avstand.   Tilkomst i dag er ved ein traktorveg på austsida av dalføret. Denne er også tilvaksen med krattskog og treng rydding.  Med terrenggåande køyretøy er det tilkomst gjennom Refsdalselvi frå ein annan jordbruksveg på vestsida av dalføret.

Tanken bak restaureringsprosjektet er at anlegget har historisk verdi. Med ei restaurering kan ein bevara ei heilskapsforståing av utviklinga av kraftindustrien i området, der det i dag er ein omfattande årsproduksjon på rundt 900 GWh i tre moderne kraftstasjonar. Stasjonen ville også føya seg fint inn i rekkja av andre historiske og verna byggverk og områder i og rundt  tettstaden Vik slik som dei 2 mellomalderkyrkjene,  strandsitjarområdet, gravhaugar, motor-museet  etc.
Ferdig restaurert kan bygget nyttast til forskjellige føremål. Ein kan nemna som besøksanlegg for kraftindustrien i Vik, som besøksstad for skulane i samband med undervisning i naturfag/historie og anna, til lokale kulturelle aktivitetar som møter, små konsertar og liknande. Kanskje også til omvisning av turistgrupper.

For meir historisk informasjon kan ein visa til to artiklar i det lokalhistoriske tidsskriftet Pridlao.
• Nr. 2 2001: Viks fyrste el-verk. ”den største Begivenhet i vor Bygds Utviklingshistorie”
Redigert av Arne Inge Sæbø.
• Nr. 1 2003: Gamle Refsdal Kraftstasjon. Av Harald Orvedal.


2.   Plan for restaureringsarbeidet.  Oppdeling i delprosjekt.

Mål for arbeidet er å ha ferdig restaurering av anlegget med maskininstallasjonar
samt rydding og oppussing av inntaksdam og den delen av røyrgata som enno ligg der innan nove mber 2013 då anlegget har 100 års jubileum.
.

Etter råd frå Kulturavdelinga i fylket har ein valt å dela arbeidet opp i delprosjekt.

Fylgjande delprosjekt er definert.

Delprosjekt 1: ”Eit tak for Refsdal Kraftstasjon”
Dette vil totalt sett omfatta å reetablera tett bygg.  Heile takkonstruksjonen restaurerast. Muren må reparerast. Den delen av golvet som er av tre må fornyast.  Dessutan vil det vera naudsynt å restaurera vindauger og dør.

Delprosjekt 2:  Innvendige arbeid med ferdiggjering av vegger, tak og golv, Istandsetting av maskininstallasjonar

Delprosjekt 3: Utvendige arbeid inkl. inntaksdam, røyrgate og avløpskanal.

Ein føreset her at ein stor del av arbeidet vil vera dugnadsarbeid, og at tyngda av arbeidet vil føregå i sommarhalvåret.

Tidsmessig vil delprosjekt 1 bli utført sommaren/ hausten 2010, delprosjekt 2 i 2011 og delprosjekt 3 i 2012.

3.  Organisering av arbeidet.
Arbeidet er tenkt organisert gjennom eit frivillig lag ”Vik Kraftlag 2013” som har restaurering og drift av anlegget som einaste føremål.
Dette laget har førebels status som under stifting.   Laget vil bli offisielt stifta så snart det er klart om ein klarar å finansiera 1 delprosjekt.  Dette vil vera klart rundt mai 2010 når ein får svar på søknad om støtte frå Kulturminnefondet. (Søknadsfrist 1 februar 2010)

Inntil laget vert stifta vil eit interimstyre ivareta ymse førebuande arbeid.
Utover dette er Vik Lions Club ein viktig støtteorganisasjon med deltaking i dugnadsarbeid m.m.

Forslag til vedtekter for ”Vik Kraftlag 2013” er lagt inn som vedlegg til denne planen.

4.   Kostnadsoverslag.
Kostnadsoverlaget nedafor er sett opp med økonomiske rammer for dei einskilde delprosjekta.
For delprosjekt 1 er det utarbeidd eit detaljert overslag  fordelt på postar.  Dette er lagt inn som vedlegg til planen.
For dei andre delprosjekta er det førebels berre lagt inn ei skjønnsmessig ramme.
Rammene er delt mellom innkjøpt arbeid og dugnadsarbeid.

Delprosjekt 1:   Tett bygg
Innkjøpe tenester inklusive mva:    kr.  732 600
Dugnadsarbeid:       ”    120 000
Total delprosjekt 1        kr. 852 000

Delprosjekt 2:   Innvendige arbeid
Innkjøpte tenester inklusive mva:    kr.  500 000
Dugnadsarbeid        ”   200 000
Total delprosjekt 2        kr. 700 000

Delprosjekt 3:   Utvendige arbeid
Innkjøpte tenester inklusive mva:    kr.   250 000
Dugnadsarbeid:       ”    350 000   
Total delprosjekt 3:        kr. 600 000

Total alle delprosjekt:                  kr. 2 152 600
Herav dugnadsarbeid:                  kr.    670 000
Dugnadsarbeid i % av totalsum:  31%

4. Finansiering
Her vert berre finansiering av første delprosjekt omhandla, dvs. ein totalsum på kr. 732 600 inklusive mva.
Det er søkt Kulturminnefondet om eit tilskot ved første søknadsrunde i 2010 med søknadsfrist 1 februar.  Saksbehandlingstid der vil vera om lag 3 til 4 månader.  Det er eit vilkår at arbeidet ikkje må startast opp før tilskot evt. er innvilga. 
Storleiken på tilskotet vil vera avhengig av omfanget av andre prosjekt og av fondet si avkastning på fondsmidlar.  Vi har søkt om eit tilskot på ca kr. 150 000.

Før søknaden kunne sendast måtte resten av finansieringa vera på plass i form av tilsegner.
Det er søkt om tilskot frå følgjande bedrifter og institusjonar og per dags dato har vi fått følgjande tilsegner:
Sognekraft kr. 200 000, Stakkraft kr. 100 000, UNI fondet kr. 100 000, Vik Sparebank kr. 50 000 og Vik kommune, næringsfondet kr. 60 000.
Vidare reknar ein med tilsegn om minst kr. 75 000 hjå kulturavdelinga i fylket (søknad om kr 125 000 sendt innan fristen den 15 januar) Inntil tilsegn føreligg garanterer Vik Sparebank for summen med ei lånetilsegn på kr. 75 000 gyldig i 3 mnd.  Dermed er fullfinansiering før søknad til kulturminnefondet oppfylt.


5. Tankar omkring drift og bruk av anlegget. 
Under avsnitt 1 er kort nemnt at anlegget kan nyttast som besøksanlegg for kraftindustrien i Vik, som besøksstad for skulane i samband med undervisning i naturfag/historie og anna, til lokale kulturelle aktivitetar som møter, små konsertar og liknande. Kanskje også til omvisning av turistgrupper.
For å få dette til må det vera ein aktiv eigar av anlegget som legg til rette for slike aktivitetar og står for nødvendig drift.  Denne funksjonen er tiltenkt laget ”Vik Kraftlag 2013” som er nemnt tidlegare. Dette vil då kosta ein del.  Ein meiner det vil vera realistisk å få ein medlemsmasse på 100 betalande medlemer.  Utover den inntekta må ein basera seg på inntekter frå brukarar og gåver frå bedrifter og institusjonar i Vik.

Vik er den tredje største industrikommunen i Sogn etter Årdal og Høyanger, og kraftindustrien er ein vesentleg del av dette miljøet.  Dette miljøet ville utvilsamt bli styrka dersom ein evna å ta vare på det klenodiet den gamle kraftstasjonen i Refsdal i røynda er. Her ligg då også grunnen til at det nå vert lagt ned ein god del arbeid for å få realisert dette prosjektet.     

Vedlegg 1:  Detaljert kostnadsoverslag for delprosjekt 1. Eit tak for Refsdal Kraftstasjon.

Post nr.  Beskrivelse              Tal  Einingsspris Total

1 Oppmåling/ oppteikning og mellombels sikring
av vegg haust 2009     RS  15 450
2 Riggkostnader     RS             50 000
3 Fjerning av gamalt tak    RS             24 300
4       Reparasjon topp mur    RS  98 920
5       Materiell nye sperrer    RS  42 500
6       Arbeid nye sperrer     RS  21 500
7       Sutak, ca. 140 m2   130m2     19 800
8       Arbeid Sutak       19 200
9       Takrenner, papp, lekter     RS  41 000
10       Golv     30 m2    20 800
11       Arbeid skifer     RS  32 500
12       Supplering skifer   50 m2                37 900
13                    Loddbord      RS    2 710 
15       Dør, vindauger og listverk   RS                   61 500
16                    Diverse uforutsett                                                 RS                   50 000
17        Konsulenttenester                       48 000


Total eks. mva                586 080
25% mva                 146 520
Total inkl. mva                732 600


I tillegg kjem verdi av dugnadsarbeid
- Rydding av skog og kratt
- Reingjering, stabling og lagring av takskifer
- Diverse førekomande arbeid
- administrasjon

Total 600 timar a kr. 200  = kr. 120 000                 Total inkl. dugnad              kr. 852 600


Overslaget er utarbeidd av Magne Røyrvik og Knut Hovland i september 2009.

Vedlegg 2:  Forslag til vedtketer.


Vik Kraftlag 2013 er eit frivillig lag som har som einaste føremål å eige, restaurere og seinare drifte den gamle kraftstasjonen i Refsdal i Vik frå 1913 som kulturminne.

Laget sitt namn:  Vik Kraftlag 2013.  (i dette ligg ei målsetting om å ha ferdig restaureringa   så langt at omvisning og enkle kulturelle arrangement kan gjennomførast  innan ei 100 års markering i november 2013)

Føremål:  Laget har som einaste føremål å eige, restaurere og seinare drifte den gamle kraftstasjonen i Refsdal i Vik frå 1913 som kulturminne. Med drifting meiner ein her hald av  anlegget og utleige til omvisning, undervisning, møter og  kulturelle arrangement.

Årsmøte: Laget skal ha årsmøte innan utgangen av mai kvart år. Årsmøtet er laget sitt øvste organ og skal godkjenne årsmelding og rekneskap, fastsetje budsjett og velje styre, styreleiar og nestleiar og  elles fatta beslutning i sakar av vesentleg økonomisk eller kulturell betydning for laget.   Alle registrerte medlemer som har betalt årspengar innan årsmøtet har møte og stemmerett. Kvar medlem har ei stemme og kan også møte med skriftleg fullmakt frå andre medlemer. Årsmøtet skal varslast med oppslag på sentral plass i Vik og annonse i minst ei lokalavis seinast 10 dagar før møtet.

Styre:  Laget skal ha eit styre på 3 til 5 medlemer. Av desse skal det veljast leiar og nestleiar av årsmøtet. Styret si oppgåve blir å ivareta dagleg drift og gjennomføra dei tiltak som årsmøtet har bestemt og som er innafor budsjetterte rammer.

Signatur og prokura:
Styret har signaturrett i fellesskap og kan dermed opptre på vegne av laget i alle saker.
Styreleiar vert tildelt prokura og har dermed fullmakt til å opptre på vegne av laget i alt som har med drift å gjera, med unnatak av overføring eller pantsetting av m.a. den faste eigedomen til laget.

Medlemskap: Laget skal kunne ha både personlege medlemar og bedriftsmedlemar.
Årsmøtet fastset årleg kontingent for begge kategoriar.

Vedtektsendringar:  Vedtektsendringar kan besluttast av årsmøtet med 2/3 fleirtal etter innstilling frå styret.

Avvikling/opphøyr: Avvikling/opphøyr besluttast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Laget sine aktiva skal i ein slik situasjon om mogeleg overførast til andre kulturelle institusjoanr, eller til kommersielle organisasjonar som har intensjon om bevaring av anlegget.