Vik Kraftlag 2013
  • Vik kraftlag 2013
  • Planar
  • Møte
  • Statusrapportar
  • Om oss

Kraftstasjonen del av ERIH

Refsdal Gamle Kraftstasjon no del av ERIH

Refsdal Gamle Kraftstasjon er no del av "European Route of Industrial Heritage":

Refsdal Gamle Kraftstasjon på ERIH-nettstaden

Det er eit nettverk av stadar som fortel industrihistorie. I Norge er det t.d. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal, Norsk Industriarbeidermuseum og Norsk Oljemuseum som er med.

 

Bli medlem

Bli medlem i Vik Kraftlag 2013 og støtt det vidare arbeidet med restaurering av Refsdal kraftstasjon.

Medlemssatsar:

  • Personmedlem: kr 200,-
  • Bedrifts/organisasjonsmedlem: kr 1500,-

Meld deg inn ved å betala medlemsavgift til konto nr 3800.15.38605. Merk betalinga med mobilnummer og epost slik at Vik Kraftlag 2013 kan senda deg informasjon viss det trengst.

Du kan også støtta Vik Kraftlag 2013 ved å gi din 5% andel (grasrotandelen) til laget når du tippar eller spelar lotto. Dette kostar ikkje noko. Snakk med tippekommisjonæren.

Velkomen til gamle Refsdal Kraftstasjon frå 1913

Opningstider

Vik Kraftlag 2013 har som føremål å restaurere gamle Refsdal Kraftstasjon frå 1913 som kulturminne.

Arbeidet held fram.

Du kan støtta prosjektet ved å bli medlem!

Laget er registrert i frivillighetsregisteret, og du kan velja å gi din 5 % andel til laget når du tippar eller spelar lotto.

Du kan melde deg på til dugnadsinnsats til ein av styremedlemene.

Styret

  • Knut Hovland (styreleiar), tlf. 905 72 820
  • Kari Wiken Sunde, tlf. 415 03 516
  • Eirik Tistel tlf. 952 30 925
  • Hilmar Lilleøren tlf. 415 35 503
  • Karen Weichert, tlf. 905 34 102
  • Ivar Vassli Brekke tlf. 476 83 778

Kraftstasjonen er open i samband med Bringebærfestivalen 2019

På søndag 11. august er det open stasjon med guide frå kl 13 til 17.

Det er gratis inngang, men det er høve å gje ei pengegåve til Vik Kraftlag ved utgangen.

Velkomen!


Til toppen

© 2021 Vik Kraftlag 2013